Det spøker for ein ny EU-debatt ut frå både toll og andre problem. Da kan det vere eit høve for den tredje refleksjonen med politiske funderingar: Å gjere den berømte ”nytenkinga” om EU nå mens eg sit på danskebåten på veg bort frå EU. Temaet deler jo venstresida, SV og R er mot, og MDG - og visstnok eit fleirtal av SVs veljarar - for. Har argumenta frå 1972 gått ut på dato? Mange i SV svarte ja alt i 1994, og argumenterte for at vi på venstresida må gå sammen med andre europeiske sosialistar for å fremme EU i progressiv retning. Eg meinte den gong at det ikkje var råd, EU kan ikkje rikkas i den lei. I dag er det likevel ting som tyder på at eg tok feil. Derfor kan det vere grunnlag for å sjå på dette spørsmålet: ”kan den norske venstresida (SV, R) påverke EUs politikk i vår retning i samarbeid med våre venner i EU?”
Grunnen til at eg svarte nei den gong var ikkje det at EU fører ein høgreorientert politikk, det gjer jo også det norske stortinget til tider, og vi deltar jo der for å påverke. Forskjellen er, sa eg, at EU (EF då) ikkje fører noen politikk i det heile. EU medførte ei avpolitisering av politikken, eller ”avgrensar det politiske området til fordel for det juridiske”, for å seie det vanskelig.
Med det meinte eg at når ein f.eks. i eit kommunestyre skal gjennomføre eit tiltak, kan det gjeras på den måten som høgresida vil eller på den som venstresida vil. Kommunestyret gjer eit politisk valg mellom alternativ, alt etter kven som har fleirtal. Dei kan likevel ikkje gjere kva som helst, for lover og reglar stenger for noen alternativ. Det setter juridiske grenser for valget. Politikk er eit opent valg ut frå prioriteringar partia har, som alle er legitime. Jusen derimot er stengt, lova skal følgas uansett kommunens prioriteringar, berre det lova seier er legitimt. Men lovene i Norge er også resultat av politiske valg: Dei er vedtatte av eit storting som er folkevald, og stortinget kunne velje fritt mellom alternativ frå venstresida og frå høgresida, den gongen dei vedtok lova. Lovene kommunen må følge er altså eit resultat av eit (politisk) valg på eit høgare, nasjonalt nivå. (Stortinget er bunde av grunnlova, men den er også vedtatt av Stortinget i si tid).
Som medlem i EU får ein altså eit nivå over dette: På samme måte som kommunestyrets politiske val er avgrensa av jus, lover vedtatt politisk på nasjonalt nivå, blir da Stortingets politiske val avgrensa av jus på eit høgare europeisk/føderalt nivå. So far, so good. På samme måte som SV kan kjempe på nasjonalt nivå for å endre lovene slik at kommune-SV kan føre sin politikk, må SV om vi blir medlemmer kunne kjempe på europeisk nivå i eit ”euro-SV” for å endre dei føderale lovene i rett lei, ikkje sant? Nei, sa eg: for dette europeiske politiske nivået fins ikkje. EU er ikkje styrt som ein nasjonalstat der politiske krefter til venstre og høgre strides om å få fleirtal. EU er ei juridisk einheit som er bunde av Roma-traktaten frå 1958, der dei frie marknadskreftenes spill skal vere så ubunde som råd. Politiske valg er ”konkurransehindrande tiltak” i det juridiske språket. Sjøl om SV skulle få reint fleirtal i EU, så ville vi butte mot dette juridiske grunnlaget, politikken er også her, på det høgaste nivået, underlagt jusen. Som salig Finn Gustavsen sa: ”EU betyr grunnlovsfesting av Høgres politikk”.
Sa eg i 1972. Men det er jo openbart ikkje sant i dag. EU har jo f.eks. lenge ført ein grønnare politikk enn Norge. Nå er det kreftar i EU for å bremse dette - så det var jo eit politisk valg EU gjorde og nå kanskje vil gjere annleis? EU har ein politikk for å hindre kinesiske el-bilar tilgang til fellesmarknaden, det er jo eit politisk valg som er klart ”konkurransehindrande” og fører prisane på elbilar oppover?
Politikk i EUs institusjonar
For å svare på det, må vi gå heilt ned på rotnivå, og eg ber om orsaking for at dette blir samfunnskunnskap på barneskulenivå: Det politiske systemet i land som Norge og andre europeiske land bygger som vi veit på maktdeling mellom tre politiske nivå: Konge/president, regjering og parlament. I Norge fell konge og regjering sammen til ein politisk aktør, i presidentstyrte land som Frankrike er presidenten ein sjølstendig folkevald aktør. I begge landa er det kongen/presidenten som utnemner statsministeren, som så må ha parlamentets tillit. I Frankrike har vi altså sett i haust at dette gir grunnlag for kompetanse-konflikt sidan både president og parlament har legitimitet i separate folkelige valg.
EUs organ kan også sjåas på nokolunde samme modell: ”Kongen” er EU-rådet eller toppmøtet. ”Regjeringa” er kommisjonen, og kommissæren (i dag Ursula von der Leyen) tilsvarer statsminister, mens EU-parlamentet altså er EUs storting. På samme måte som i Norge og Frankrike er det ”kongen”, toppmøtet, som nominerer kommissæren, men hen må ha tillit i parlamentet, så på fransk manér må kommissæren tekkas både ”kongen” og parlamentsfleirtalet. EU har rett nok eit ekstra organ på regjeringsnivå: Ministerrådet, som forvirrande nok har éin ”president” mens EU-rådet har ein annan president (han heiter Antonio Costa i dag). Men den siste er altså først og fremst administrator for toppmøtet (og den første er mest seremoniell og sit eit halvår om gongen).
Ser vi på dette som eit politisk system, kan vi altså stille spørsmålet: Dersom Norge går inn som medlem, kvar kan SV med allierte påverke politiske beslutningar i vår retning?
Toppmøtet er altså satt sammen av statsleiarene i dei ulike landa. For å få innverknad der må ein dermed vere statssjef. Vi veit at det er dynamikkar i dei møta og mye blir avgjort på bakrommet mellom dei store landa; men poenget her er at innverknad på det europeiske nivået her går gjennom det politiske gjennomslaget i Norge. SV må få regjeringsmakta her heime for å få ei røyst i EU-rådet.
Det samme gjeld ministerrådet, som er sammensett av regjeringsmedlemmer frå dei 27 landa på dei ulike saksfelta. Dei representerer kvar sine land. Eit SV i regjering vil altså kunne få ei røyst på det saksfeltet SV-ministeren dekker i Norge, men europeisk innverknad går fortsatt gjennom det nasjonale politiske nivået.
Kommisjonen er litt rar. På samme viset som i Norge ”kjenner” toppmøtet og parlamentet berre sjølve statsministeren / kommissæren (von der Leyen). Ho er vald på eit politisk program som må bli godtatt i parlamentet. Men ulikt Gahr Støre kan ho ikkje sjøl velje sine ”regjeringsmedlemmer”. Dei er nominert av dei 27 medlemslanda, som har ulike regjeringar med politiske prioriteringar, noen til venstre, noen til høgre. I dag har ytre høgre i Ungarn og Italia plukka ut sine folk til sine kommisjonsplassar. Det må altså til forhandlingar og kompromiss for at kommisjonen skal snakke med ei røyst, sjøl om kommisjonens medlemmer skal arbeide for den europeiske fellesskapen og ikkje sitt eige lands interesser. Likevel er det nasjonale nivået og politikken der er sterkt til stades og påverkar det europeiske. For SV vil det altså igjen vere arbeidet i Norge som evt. vil gi oss innverknad, om vi klarer å komme i regjeringsposisjon her heime.
EU-parlamentet
Så til slutt parlamentet, som er direkte vald. Der vil - om vi blir medlem - både SV og R kvar få vald inn éin representant, ut frå siste valresultat, og vil kunne slutte oss til våre europeiske partnarar f.eks. i det europeiske Venstrepartiet (The Left, tidligare ”Nordic Green Left”). Her har vi EUs politiske nivå, her er det vi kan bryte meiningar sammen med våre venner (46 medlemmer ut av parlamentets 719, vel 6 prosent). Dette er kjernen i argumentet for å gå inn for å ”gå inn for å påverke”, og det er reelt nok: EU-parlamentet diskuterer, voterer og har meiningar. Men det er to motargument: For det første er parlamentets makt avgrensa. Det kan votere over lovframlegg (i samråd med Rådet), men ikkje formulere dei, berre kommisjonen kan gjere det. Det er kommisjonen som vedtok EUs grønne målsettingar, ikkje parlamentet, og det er dei som vedtek direktiva (parlamentet kan likevel be kommisjonen om å formulere lover). Trulig er den viktigaste makta parlamentet har nettopp at dei må godkjenne den nye kommisjonen kvart fjerde år, på basis av det programmet den nominerte kommissæren legg fram. Her kan parlamentet gjere eit faktisk politisk valg: eit fleirtal i parlamentet for høgresida gir ein kommissær frå høgresida, og tilsvarande frå venstresida - rett nok i samsvar og forhandlingar med toppmøtet, som nominerer. Men også parlamentet må vere med.
Her kan altså The Left, og dermed SV/R delta. Men korleis fungerer dette i praksis? Det kan vi sjå illustrert då von der Leyen vart innsett som kommissær sist gong i desember 2024. Von der Leyen kjem altså frå kristendemokratane i Tyskland. Ser vi på voteringa i parlamentet, var den slik: The Left stemte samla imot von der Leyen. Det samme gjorde ytre-høgre-partia ”Patriotane” og ESN (Le Pen, AfD m.v.). Den konservative blokka stemte i hovudsak for (dei franske stemte mot). Dei liberale var splitta på midten, mens sosialdemokratane stemte i hovudsak for, berre irar og nokre frå sentral-Europa mot. Dei grønne var også delt. Poenget er altså her at partigruppene stemte ikkje samla, anna enn dei som openbart var heilt mot eller for kristendemokratiet. Alle dei andre stemte i sine nasjonale grupper: Tyske Die Grünen stemte ikkje som ”grønne” men som tyske grønne, og altså mot sine franske og spanske søsterparti. Det betyr altså at også i parlamentet så går politiske vedtak etter nasjonale liner. Det er sikkert debatt innan i dei europeiske partigruppene, kanskje dei kan påverka kvarandre uformelt, men når det gjeld vedtak så er det dei nasjonale problemstillingane som overstyrer det som måtte komme fram i Brüssel eller Strasbourg. Så også her går dei avgjerande politiske vedtaka på nasjonalt nivå.
Dette er jo godt nytt for dei som frykter at EU skal bli ”eit europeisk USA”, det viser at nasjonalstatane fortsatt er den sentrale politiske eininga i EU - det er her politikk blir drøfta og stemt over, ikkje på det føderale. For ”Norge” som heilskap blir spørsmålet om vi som nasjonalt fellesskap får nok tyngde inn i dette europeiske samarbeidet, med ein person i toppmøtet, eit kommisjonsmedlem på eitt bestemt område, og trulig tolv-tretten av 790 parlamentsmedlemmer, vetorettar og så vidare. Det blir ein nasjonal debatt som vi kan ta i Norge som fellesskap. Spørsmålet eg stilte her var retta spesielt mot venstresida (men gjeld i for seg alle politiske retningar): Vil det å gå sammen med våre meiningsfeller innanfor EU gi oss større muligheit til å kjempe for dei politiske målsettingane som venstresida står for? Og svaret på det virkar å vere nei: Enten vi står utanfor eller vi går inn i EU, så vil den politiske kampen om kva retning samfunnet - her og i EU - skal ta, gå her heime, nasjonalt og gjennom dei politiske organa vi har til rådvelde her heime, storting og regjering. Vi har naturligvis nytte av å drøfte saker med dei europeiske partia som står oss nærmast, men det treng vi ikkje EU for å gjere: vi kan møte dei, snakke med dei og for den del lage organiserte fellesskap med dei dersom vi måtte ønske det, utan å måtte gå inn i EU.
Eg var altså for ”enkel” når eg benekta at EU har eit politisk nivå - EU fører ein politikk - men EU har ikkje noe føderalt politisk nivå anna enn som ein refleksjon av dei nasjonale, så i den forstand står argumentet frå 1972 seg. Medlemskap eller ikkje dreier seg jo ikkje berre om dette; det kan vere mange argument både for og mot fullt medlemskap, eller for eller mot EØS. Men argumentet om at ”vi må gå inn for å samarbeide med dei som meiner som oss” synes eg altså ikkje har noe særlig innhald.
Først publisert på Facebook 22. november 2025