Forord:
Eg har ein (passiv) Midtausten-blogg, shubbak, der eg skreiv om ting eg burde ha greie på. Eg tenkte eg kunne lage ein annan blogg med tankar om ting eg ikkje har greie på, slik som politikk. Men det går kanskje like greitt å bruke FB til slikt - om NATO, EU, krig og fred og sånn. Ting i tida. Orsaking om det blir litt lange tekster, det er slik eg tenker.
Først litt om "den politiske situasjonen". Stoda på venstresida etter valget er altså ganske annleis enn før:
- SV og Raudt er nå jamstore. Tilsammen er dei gått litt tilbake, frå 21 til 18, men samla effekt er større sidan Raudt nå er nødvendig del av fleritalet: Før trong regjeringa 13 for å få fleirtal, nå treng dei 18 til venstre for seg. I saker der MDG er med, blir det 26, som er merkbart mot eit Ap som er 54. I noen saker vil R/SV vere samd med MDG, i andre (EU) med Sp. Men i mange saker vil Ap møte 26-27 på ei side (den der SV og R står), og 8 eller 9 på den andre. Dette gir bra muligheiter for venstresida.
Iallfall i budsjettsaker. Her må regjeringa ha fleirtal på venstresida. Sidan budsjettforlik med Høgre trulig er uaktuelt og sentrum-høgre ikkje kan gi fleirtal, er alt til høgre for midtstreken såvel som Sp's trussel om å gå dit, irrelevant her. Faktorane er Ap: 54, venstreblokka potensielt 26, og Sp 9, dersom dette blir skillelinene.
Men det må ha noe å seie for forholdet mellom SV og Raudt. Av dei to har Raudt openbart bevega seg mest i dei siste tiåra, og sett utanfrå er det nå vanskelig å sjå prinsippielle forskjellar på dei to, dei er begge reform-orienterte sosialistparti. Sett frå eit innbarka SV-standpunkt heng nok att minningar frå 70-åra som ikkje er bra, men frå eit uhilda perspektiv må berøringsangsten mellom dei to forsvinne: Dei bør så langt som råd fungere som ei samla blokk i Stortinget. Det bør ikkje vere snakk om sammenslåing, dei to har openbart ulikt velgargrunnlag og sammenslåing vil trulig føre til avskallingar meir enn styrking. Men t.d. foran statsbudsjettet bør dei finne fram til ein modell der dei så langt som råd kjører ei samrordna line, evt. sammen med MDG (Sp vil vel trulig betakke seg for å gå inn i ein slik allianse). Kvart parti skal og må naturligvis ha sine markeringssaker, men det vil vere langt lettare for alle om Ap, etter å ha lagt fram budsjettet, kan forhalde seg til to blokker, ei sterk venstreblokk med samkjørte prioriteringar, og eit Sp som ikkje har noko alternativ i sentrum.
Det vil jo vere krevjande der SV og Raudt har ulike standpunkt. Frå min SV-ståstad, har Raudt noen standpunkt som virkar pussige (havvind, bompengar, o.l.), på den andre sida kan ikkje SV lenger hevde at "Raudt snakkar, SV forhandlar", for det er jo ikkje lenger realiteten. For kvart parti kan det vere besnærande å prioritere det som viser at nettopp deira parti trengs for å få til god politikk, men dess meir dei to, eller helst tre med MDG, kan komme fram til eit minste felles multiplum, dess sterkare vil denne blokka stå i forhandlingane som skal foregå i dei kommande fire åra. Ein politikk som også får støtte i AUF og fagrørsla - og det vil jo gjerne bli mot venstre i forhold til regjeringa - vil også bli ytterligare styrka.
Korleis dei får det til, må vere opp til stortingsgruppene, kvart parti vil jo sette fram sitt budsjettalternativ først, og naturligvis vil Ap helst forhandle med kvar gruppe for seg (divide et impera), men om dei tre gruppene kan skille mellom (a) kva som er partiets primære hovudønsker, og (b) kva som er venstreblokkas samla prioriteringsønske, bør det gi større muligheit for gjennomslag for desse siste.
Forhåpentligvis er også dette relativt opplagt for dei i partigruppene, og vi får håpe dei får det til.
Først publisert på Facebook 12.10.2025
No comments:
Post a Comment