Epistel nr 2 om politikk og ymist. I dag refleksjonar rundt venstresidas forhold til NATO, forsvar, fred, krig og slikt. Sidan det er langt, her er overskriftene:
- For eller mot NATO?
- Treng vi eit forsvar, og i så fall kva slags?
- Er ei fredsrørsle i vår tid mulig?
NATO: frå nei til tja?
Utgangspunktet for mi plassering på venstresida sist på 1960-talet var: nei til stalinisme og nei til NATO. Det siste var jo, som vi veit, også grunnlaget for at SF vart oppretta noen år tidligare. Og nå er vi altså ikkje der lenger: SV har godtatt NATO-medlemskapet. Raudt nektar fortsatt, men har vel om lag samme holdning som SV har til monarkiet: Vi er i mot, men snakkar ikkje for mye om det.
Korleis SV kom dit, kan historikarane diskutere, men for meg virkar det som resultat av ei omdefinering som skjedde trulig på 1980- og 1990-talet: NATO gjekk frå å vere eit utanrikspolitisk til eit forsvarspolitisk spørsmål. Tidligare var det sentrale at NATO batt oss til USAs alliansepolitikk og til "USA-imperialismen", med eller utan hermeteikn. Neste krig ville uansett bli ein atomkrig som øydela kloden, så forsvarsbehovet var ikkje kular og krutt, men å sørge for at det ikkje vart noen slik ny krig. Og der var eit krgishissande NATO ei hindring, ikkje eit middel.
Men på eit tidspunkt vart SV innvikla i parlamentariske forsvarskommisjonar m.v., og kom til å legge meir vekt på å finne alternativ til NATO. Og da kom ein altså til det ulykksalige med "nordisk forsvarsunion" - eit alternativ som aldri var realistisk sidan ingen av dei andre nordiske landa tok det alvorlig. Dermed hadde SV malt seg opp i eit hjørne: Det gjekk greitt så lenge ein kunne paradere dette som fjern målsetting, men når Sverige og Finland stengte den døra ved å gå inn i NATO, stod ein der plutseleg utan noen veg å snu seg, utan "alternativ" til NATO-medlemskap måtte ein berre godta dette.
Det ville nok vore bedre, ikkje berre for oss gamle, om SV kunne seie klart at vi fortsatt er imot NATO og medlemskapet - av dei samme grunnane som for femti år sidan, vi leitar berre etter beste vegen ut. For stoda har jo ikkje endra seg grunnleggande: NATO er fortsatt eitt uttrykk for USAs dominans i verda, og er fortsatt basert på ein atomvåpen-strategi. Det er heller snakk om å fornye atomvåpena og gjere dei meir anvendbare. Endringa er vel kanskje at mange i NATO har tatt til seg formann Maos gamle fyndord: [fiendens] atomvåpen er ein papirtiger: Russland vil ikkje våge å starte noen atomkrig, meiner dei, derfor kan vi oppføre oss som om dei russiske atomvåpna ikkje fins.
I noen grad er jo dette rett, men på grunn av Trump, ikkje Putin. Dersom Russland t.d. går til åtak på Polen, skal USA etter NATOs paragraf 5 forsvare Polen som om det var USA som vart angripe. Men vi veit jo at slik er det ikkje. Om Russland sender atomrakettar mot USA, vil dei naturligvis svare med samme mynt. Men vil Trump risikere utsletting av New York for å beskytte Polen eller Finland med amerikanske atomvåpen? Nesten heilt sikkert ikkje, America first. Amerikanske atomvåpen vil nok berre bli brukt dersom USA sjøl blir angripe eller Russland har starta full atomkrig. Og dette veit jo Putin, som også vil unngå å utsette Russland for unødige atomangrep og derfor vil nøye seg med sine konvensjonelle styrkar. Dermed er atomparaplyen i praksis nå slått ned.
Og bra er det. Om denne tankerekka stemmer, er jo faren for global atomkrig redusert. Men det er ei lett arrogant gjetning. Det kan nok bety at USA ikkje vil utsette seg sjøl for atombomber i utrengsmål, men ikkje at Russland held seg på matta om dei blir hardt nok pressa. Taktiske atombomber mot norske marinebaser [Bergen], er vi sikre på at det er "av bordet" dersom Russland kjem i full krig mot NATO?
Og om det er slik at atomvåpen faktisk er ute av bildet (hurra) kan det jo dermed bety at faren for konvensjonell krig ikkje er det - og kanskje aukar. Det var jo det som skjedde i Ukraina, det er ein krig av "før-atomisk" modell, som om vi var i 1920. Og med den auka spenninga er vi jo nå mentalt nær i ein "førkrigs"-modus: Russland er opent definert som "fienden" (mens den før berre var "fi"), og i Russland blir NATO og Vesten også meir og meir sett på som fiende. Derav forsvarsforliket og kraftig opprustning mot "fi".
Men kva slags forsvar treng vi?
Logisk sett fins det vel slike alternativ for Norge:
(1) Full nedrusing, avskaff militæret slik Costa Rica og Island har gjort (Island rett nok innanfor NATO). Om vi ikkje trugar noen, vil ingen truge oss. Ein god tanke, men det er både prinsippielle argument mot - som at ein stats sjølråderett må bygge på ein viss evne til sjølforsvar - og pragmatiske, som at norsk olje og kystline gjer at vi neppe kan stole på slik velvillig disinteresse i tilfelle større konflikt.
(2) Eit sjølstendig "folkeforsvar" slik AKP/RV vel stod for, ein eller annan kombinasjon av geriljasoldatar og heimevern som kunne utløyse folkets innbitte motstandsvilje mot framand okkupantmakt. Med all respekt for Molotov-coctails og Kalachnikov, så vil dei fleste oppfatte som det samme som alternativ (1) med ein revolusjons-romantisk kremtopp på.
(3) Om eg forstår Raudt nå, så har dei utvikla dette folkeforsvaret til eit meir slagkraftig og teknologisk alternativ, kanskje tilmed med jagerfly og flåtestyrkar? Men fortsatt sjølstendig og alliansefritt, utanfor NATO, slik Sverige og Finland hadde og Austerrike og Sveits fortsatt har. Men er det realisme i det, og kva vil det seie i praksis?
(4) SVs svar, ei jakt på alliansepartnarar som er meir spiselige enn dagens NATO, enten innanfor eller utanfor NATO (i Europa, f.eks.). Ei rein hildring, også det? Vil Trump gi SV også dette, ved å trekke USA ut av NATO? Eller skal SV arbeide for ein EU-hær (med/utan Storbritannia?).
(5) Står NATO igjen som einaste valg? Både SV og Raudt deltok jo i forsvarsforliket for å ruste opp eit forsvar som uomtvistelig er tett integrert i NATO. Dei to partia kan ta dissensar, men det er jo ikkje akkurat eit slagkraftig alternativ.
For å svare på det, bør vi kanskje drøfte kva funksjonar eit forsvar for Norge kan ha:
- Å kunne stå mot eit agressivt Russland som har som fremste mål å ekspandere og dominere over Europa og kanskje verda. Enten på grunn av Putins psyke eller den "russiske mentaliteten".
- Å kunne stå mot alle framande maktar, store som små, ved å gjere det meir bry enn gevinst å invadere Norge (piggsvin-modellen). Det er vel omtrent der Sveits står.
- Å ha eit minimums-forsvar, nær sagt eit nøytralitetsvern, som ikkje trugar noen, og som gjer at i tilfelle krig vil dei andre "gå forbi" og la oss vere i fred.
Altså, kva må til for å ha reell avskrekking, og er det innafor vår rekkevidde?
Ein kan trulig ikkje svare på dette utan å vurdere verdenssituasjonen, som endrar seg frå år til år, eller iallfall tiår til tiår. Når det gjeld Russlands evt. trussel mot Norge, så kan den vere av fire typar:
- Putin er som Hitler og vil angripe alle naboland uansett, berre av pur galskap.
- Putin ser på NATO som ein fiende, og vil truge Norge så lenge vi er med i NATO, men ikkje dersom vi ikkje er det: NATO som krigsmagnet. Det er NATO-medlemskapet som vil trekke oss inn om det blir krig.
- Putin vil i tilfelle ein krig med NATO uansett ville / måtte angripe også eit nøytralt Norge, på grunn av den norske kystlina og strategiske omsyn (som Tyskland i 1940).
- Putin har korkje ambisjonar eller kapasitet til å angripe Norge, iallfall i dei kommande to-tre tiåra, altså hans eigen levetid.
Vi har ikkje plass her til å drøfte Russland (og eg er ingen russland-ekspert), men la oss for argument's sake sjå bort frå det mest paranoide og anta at ein russisk trussel mot Norge er berre aktuell i tilfelle ein allmenn krig mellom NATO og Russland, uansett kven som set den i gang. Og at sjøl om vi i praksis ikkje treng frykte noe slikt i Putins (og mi) levetid, så er det å bygge opp eller ned forsvaret noe som tar fleire tiår, så så lenge spenninga mellom NATO og Russland er der, så vil vi vere fanga i det magnetfeltet.
Er det rom for ei fredsrørsle i vår tid?
Målsettinga må derfor vere å bygge ned den spenninga. Så svaret gir seg sjøl, ja det er meir behov for ei fredsrørsle enn nokon gong. Mot atomvåpen, for så lenge dei er der vil dei kunne bli brukt, det er hasardiøst å tru noko anna. Særlig nå som vi har så mange mellomsteg mellom reint konvensjonelle og interkontinentale våpen - det gir rom for gradvis opptrapping.
Avspenning er både ein politisk og militær prosess. Trulig går det politiske før det militære: Ser vi på Russland som "evig fiende" og dei gjer det samme med oss, så får vi ikkje redusert våpen-arsenala ved tekniske avtalar. Så vi må prøve sjøl å chille ut, og få russarane til å gjere det samme. Det blir dermed fredsrørslas oppgåve.
Men kva da med Ukraina? Skal vi berre svikte dei? Det er jo ingen tvil om at Putin laug før invasjonen - vi kan ikkje stole på det han seier - og deira "ufråvikelige" krav til ei fredsløysing er ikkje på nokon måte rettferdige eller akseptable. Ei fredsrørsle før Ukraina-krigen er brakt til opphør har ei vanskelig oppgåve.
Igjen: Ukraina-krigen er eit så stort tema at det må bli ein eigen epistel. Det er også uklart om eller kor raskt det kan komme til ei løysing her - ei løysing som trulig vil bli korkje rettferdig eller god - men la oss her håpefullt legge til grunn at det kjem til ei løysing, slik at vi drøfter korleis skal forholde oss til Europa, NATO og Russland etter at denne krigen på ein eller annan måte er lagt bak oss.
For Norges del er målet å ikkje komme i samme situasjon som Ukraina nå står i. Men akkurat slik blir det jo heller ikkje, altså eit isolert angrep berre på Norge åleine. Eit angrep på Norge er berre realistisk tenkelig i ein allmenn krig i Europa. I ein slik allmenn krig, altså mellom Russland og NATO, vil Norge som NATO-medlem automatisk vere krigsmål. Er vi ikkje med i NATO er vi også i fare pga. geografi, olje osv., som nemnt. Vi vil neppe som Ukraina klare å stanse ein full invasjon, uansett kor den kjem frå, berre i beste fall bremse den. Og sjøl det er ambisiøst, dersom alle våre naboland også er i krig og roper på NATO-støtte.
Derfor må det primære målet ikkje vere å førebu seg på krig, men å førebygge krig. Og det er fredsrørslas oppgåve. I første omgang å forhindre den nesten paranoide førkrigsmentaliteten som begynner å ta over - alt dette med "i tilfelle krig". I tilfelle krig er vi alle døde, dersom det stig over til utveksling av atomvåpen, det er like sant nå som på 1960-talet. Så avspenning på det mentale planet: Russarar er vanlige menneske, dei og. Nei, vi kan ikkje stole på Putin, og ja, russisk nasjonalisme veks og er urovekkande, men Putin lever ikkje evig og å bygge ned russisk paranoia mot Vesten er kanskje noe vi, ei fredsrørsle, også kan bidra til frå vår kant. Men iallfall å bygge ned vestlig paranoia mot Russland (og Kina og, for den del).
Så kva med forsvaret og opprustninga i ein fredsstrategi?
Kva konsekvensar får det? Ut frå den argumentasjonen over, ser det for meg iallfall slik ut:
- Vi må ut av NATO. Dette er fortsatt utanrikspolitisk riktig, NATO bind oss til USA og til kven det måtte vere som herjar på der. Vi blir blanda inn i konfliktar verda over som vi, politikarane seier det openlyst, har ingen oversikt over eller meining om, men berre at vi må "stille opp for våre allierte". Vi må vere lydige for Washington, for at dei skal berge oss om russarane kjem. Men nå veit vi ikkje ein gong om USA vil forsvare oss, anna enn med faktura. Det går ikkje. Skal vi få sjølstende i utanrikspolitikken, må vi ut av husmannskontrakten med USA. Også forsvarspolitisk er NATO-medlemskapet ein krigsmagnet. Blir det krig i Europa er vi er sikrare utanfor NATO enn innanfor uansett kva slags forsvar vi har.
Dette bryt for øvrig med Stoltenberg mfl.s ide om NATO som verdspoliti (jf. Libya) med eller utan FN-mandat; men det er ein eigen blogg-sak vi får ta opp seinare. NATO er ikkje underlagt FN, det er underlagt USA.
Men vi må altså også ha ei meining om kva forsvar vi da skal ha. Mogens Glistrups gamle ide: Erstatt forsvaret med ein telefonsvarar som seier "Vi overgir oss" på russisk, er nok berre ein vits. Men det er mulig med eit sjølstendig forsvar utanfor NATO. Sverige hadde det i to hundreår, fram til 2024. Det kan nok vere at Sverige reellt sett var beskytta av NATO-paraplyen sjøl då dei stod utanfor, eit sovjetisk åtak på Sverige ville nok i praksis ha utløyst ein allmenn krig med Vesten, derimellom NATO. Den samme stoda vil Norge kunne stå i, men det er ingen automatikk eller sikkerheit i det, naturligvis.
Ein "svensk" modell er altså mulig; eit teknologisk avansert men sjølstendig forsvar som er i stand til å vere kredibelt, ikkje for å hindre framand invasjon - det er utanfor rekkevidde - men gjere det så kostbart for ein fiende at det reduserer sjøl den teoretiske faren for ei isolert krigshandling mot Norge (Svalbard el.l.). Det blir ikkje billig. Sverige har ein avansert våpenindustri, med jagerfly osv., det har ikkje Norge. Men vi har midlar til å sette av til å skaffe oss eit slikt forsvar.
SV ser altså ikkje ut til å meine det, men har fastna seg i tanken om at vi må vere allierte med nokon. Om ikkje NATO, så noen andre - men ingen andre er tilgjengelige der ute. Alliansar er bra, men ut frå tanken om at krigen neppe vil komme til Norge åleine, så vil alle allierte også ha sine land å forsvare. Koordinering er bra, og alliansar aukar avskrekkinga, det er reell faktor - men altså, for Norge i Europa er den automatisk, pga geografien. Og det er berre USA (og Canada) som vil kunne berge oss frå utanfor det potensielle europeiske krigsteateret. Så vi må langt som råd satse på oss sjøl, og dermed blir fredsalternativet desto viktigare: blir det krig er vi skutt uansett.
Når det gjeld det tekniske kva dette betyr, skal eg ikkje komme med noen sterke råd. Det er greitt å akseptere at det må settas inn midlar, og overgang til eit sjølstendig forsvar vil kreve store midlar.
Men det politisk viktige er at forsvaret må vere defensivt innretta. NATO-hæren har openbart offensive evner, slik vi såg i Libya og andre NATO-krigar vi har deltatt i. Avspenning på det militære området må vere å overbevise ein mulig fiende om at vi, som piggsvinet, vil stikke om ein prøver å sluke oss, men at vi ikkje stikk dei som held seg på avstand. Nå vil nok dei militære seie at det er ikkje noen forskjell på defensive og offensive jagerfly, eit våpen er eit våpen. Men det er naturligvis tydelig også for ein observatør kva offensive kapabilitetar eit militærvesen har, og kvar ein har satt inn prioriteringane. Dess større evner vi har til å føre krig langt inn på annanmanns territorium, dess meir offensivt vil militærvesenet virke.
For SV og Raudt, dei to som burde vere anti-NATO-parti, er det problematisk at dei begge har gått inn på eit forsvarsforlik som, så langt ein kan forstå utanfrå, er ei oppbygging med sterk integrasjon i NATO. Dei to partia bør (sammen eller kvar for seg) utvikle ein sjølstendig forsvarspolitikk som fremmer tiltak som trekk Norge ut av NATO-strategien og styrker dei delane av forsvaret som ikkje endras om/når seier opp medlemskapet i NATO, (evt. når USA gjer det samme!) Og altså reise opp att forslaget om utmelding av NATO. Som første delmål: trekke Norge ut av alle NATO-tiltak som er knytta til atomvåpen. Og naturligvis seie nei til Out-of-area osv., som SV alt gjer, men som er ein del av den NATO-strategien Norge altså er fullt innbakt i.
Dei to partia bør altså utgjere eit forsvars- og utanrikspolitisk alternativ, ikkje berre vere del av ein udifferensiert nasjonal einskap i forsvarsforlik o.l.
Først publisert på Facebook 1.11.2025
No comments:
Post a Comment